Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Bruk og oppdatering av arkivplan

Arkivplanen skal vera eit arbeidsreiskap for alle tilsette i Voss herad. Målet er at alle som handterer dokument som blir til som ledd i den verksemda som heradet driv, skal kunne finne informasjon om kva retningsliner som må føles, og kva løysingar heradet har på handsaming av dokumentasjon.

Arkivplanen vert oppdatert/revidert med jamne mellomrom, og minst ein gang pr. år. Det vert sendt ut melding til rørte partar umiddelbart etter ein oppdatering/revisjon.

Alle brukarar har ansvar for å gje tilbakemelding på den informasjonen som er i arkivplanen. Dersom registrerte opplysningar ikkje er korrekt eller endringar er gjort, skal fagansvarleg for papirarkiv ved Innbyggjarservice kontaktast. Fagansvarleg papirarkiv vil ha det daglege ansvaret for å følgje opp arkivplanen.

Arkivplanen skal alltid oppdaterast når:

  • det skjer endringer i post- og arkivrutinar
  • ei kommunal eining oppretter eit nytt arkiv eller arkivdel 
  • ei kommunal ening tar i bruk et nytt datasystem for lagring av informasjon
  • kommunale einingar blir lagt ned eller oppretta
  • det blir oppretta eller lagt ned eit styre, råd eller utval
  • det blir gjort vesentlege endringar i heradets delegasjonsreglement 
  • kommunale oppgåver blir overført til verksemder utanfor heradet

Arkivansvarleg avgjør om det er behov for oppdatering av arkivplanen når:

  • det bli tatt i bruk nye versjonar av datasystem for lagring av informasjon

Neste revisjon: 2023

Fagansvarleg for papirarkiv ved Innbyggjarservice er Kristine Tvedt Brekke, ta kontakt på telefon 56525658 eller e-post: kristine.t.brekke@voss.herad.no

Historiske arkivplanar blir arkivert i heradet sitt sak-arkivsystem. Dei er og å finna under punktet Historiske arkivplanar.

Laster...