Arkivplan.no
Utskriftsvennlig versjon

Depotordning

Virkeområde

Heradet er etter § 5-1 i arkivforskrifta forplikta til å opprette eige arkivdepot eller delta i eit interkommunalt depotsamarbeid.

Voss herad har depotavtale for papirarkiv og elektroniske arkivuttrekk med Interkommunalt arkiv i Hordaland.

Arkivdepotet sine oppgåver

Arkivdepotet har følgjande oppgåver:

  1. Å ta i mot overføringar av eldre og avslutta arkiv.
  2. Å gi arkiva trygg oppbevaring.
  3. Å føre fortløpande register over mottekne arkiv.
  4. Å utarbeide katalogar over arkiva.
  5. Å syte for at kommunale einingar kan låne tilbake eller få kopi av arkivsaker dei har avlevert.
  6. Gje publikum innsyn i arkiva i samsvar med gjeldande regelverk for innsyn i offentlege arkiv.
  7. Utarbeide spesielle formidlingstiltak retta mot lokalsamfunnet.

Depotansvarleg er leiar for kommunen sitt arkivdepot. Depotansvarleg har rett og plikt til:

  1. Å rapportere til administrasjonssjefen om verksemda til arkivdepotet og leggje fram framlegg om tiltak som skal heve kvaliteten på arbeidet.
  2. Å utarbeide verksemdsplanar for arkivdepotet.
  3. Å gi nødvendig rettleiing til dei arkivskapande einingane som skal avlevere til depotet.
  4. Å føre kontinuerleg kontroll med klima og andre oppbevaringsforhold i arkivlokala.
  5. Å gi rettleiing til publikum og ekspedere førespurnader om innsyn i arkiv.
Laster...