Voss herad blir styrt etter formannskapsmodellen, der øvste organ er Voss heradsstyre. Heradsstyret har 43 representantar.
I tillegg til heradsstyret utgjer Utval for levekår, Utval for klima og miljø og Utval for kultur og næring den politiske styringa i heradet.
Politiske utval har delegert mynde til å gjera vedtak og innstilling til heradsstyret. Dei skal handsama saker innanfor ulike fagområde.
Voss herad har i tillegg tre kommunale råd som vert utnemnde for kvar valperiode. Dette er lovpålagde råd: Eldrerådet, Råd for menneske med nedsett funksjonsevne og Ungdomsrådet. Kommunale råd har ein rådgjevande funksjon for kommunen, og har rett til å uttala seg om saker som gjeld deira brukargruppe.
Ordføraren er heradet sin fremste folkevalde og rettslege representant.
Politisk sekretariat er plassert på Stab Innbyggjarservice.
Nettside Voss herad: Politikk og administrasjon
Politikk - Voss herad
Laster...