Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Planlegging - periodisering, bortsetting og depot

I samband med kommunesamanslutninga mellom Voss kommune og Granvin herad vart alle aktive arkiv, både på papir og elektronisk, avslutta. 

Papirarkiv:

Granvin herad:

Alt papirarkiv etter Granvin herad er flytta frå Heradshuset i Granvin til Tinghuset på Voss. Dei avslutta seriane vil bli ordna og listeført før dei samla blir avlevert depot hjå Interkommunalt arkiv i Hordaland. Ansvarleg for arbeidet med ordning og avlevering av arkivet er fagansvarleg for arkiv i Voss herad.

Voss kommune:

Arbeidet med å ordne og listeføre arkivseriar etter Voss kommune pågår både på Tinghuset på Voss og ute på dei ulike einingane. Fagansvarleg for papirarkiv har ansvar for å ordne og listeføre dei seriane som er plassert i magasinet på Voss Tinghus. Fagansvarleg for papirarkiv har også ansvar for å rettleie dei som ordnar ute i dei ulike einingane. Ferdig ordna og listeførte arkivseriar blir avlevert Tinghuset fortløpande.

Voss herad har avtale med Interkommunalt arkiv i Hordaland om at arkivseriane etter Voss kommune avleveres til depot etter type:

Administrativt arkiv (felles saksarkiv 1999-2006/2007-2015, kopibøker, postlister, møteprotokoller ol.)

Oppvekst (elevmapper, barnemapper, PPT-mapper, barnevern-mapper o.l.)

Helse og sosial (Morsmapper, helsestasjon o.l.)

Tekniske tenester (Gardsarkiv, vegarkiv, byggjesakarkiv o.l.)

Elektronisk:

Eit uttrekk av dei ulike elektroniske fellessystema (brukt i Granvin herad og Voss kommune) er avlevert i kopi til Interkommunalt arkiv i Hordaland.   

Laster...