Arild McClellan Steine er rådmann i Voss herad.
Rådmannen er den øvste administrative leiaren i heradet, med overordna ansvar for å leie og utvikle Voss herad og dei tilsette i heradet. Han har ansvar for at saker som vert lagde fram for politisk handsaming er forsvarleg utgreidde, og at vedtaka vert iverksett. Rådmannen rapporterer til formannskap/ordførar.
Heradet er organisert i fire kommunalavdelingar direkte underlagt rådmannen. Kvar avdeling er leia av ein kommunalsjef.
Dei fire kommunalavdelingane er
- Kommunalavdeling helse og omsorg
- Kommunalavdeling oppvekst
- Kommunalavdeling tekniske tenester
- Kommunalavdeling kultur og fritid
I tillegg har heradet ein eigen stab som er direkte underlagt rådmannen.
Staben er delt i tre, og kvar stab er leia av ein stabsjef:
- HR og innovasjon
- Strategi og styring
- Innbyggjarservice
Staben har ansvar for følgjande område:
- Strategisk personalutvikling - personalpolitikk - personaladministrasjon
- IKT: Drift, utvikling og brukarstøtte
- HMS: Helse, miljø og sikkerheit, koordinering av IA arbeid (inkluderande arbeidsliv)
- Koordinering av beredskapsarbeidet
- Miljøvern
- Opplæring/kompetanseutvikling
- Organisasjonsutvikling, overordna planlegging
- Økonomi, rekneskap, skatteinnkrevjing, fakturering og innkrevjing
- Innkjøp
- Arkiv
- Resepsjon og sentralbord
- Politisk sekretariat
- Informasjon (internett og intranett)
Kommunalsjefane og stabsjefane utgjer rådmannen si leiargruppe.
Laster...